CFS / ME

 

Kronisk utmattingssyndrom – Chronic Fatigue Syndrome, CFS – ofte også kalt Myalgisk Encephalopati – ME – er ein invalidiserande tilstand med omfattande plager og funksjonssvikt og få objektive funn eller markørar som eintydig kan definere tilstanden.

Diagnosen kronisk utmattingssyndrom, CFS/ ME er basert på grundig medisinsk vurdering og differensialdiagnostikk, der andre fysiske og psykiske årsaker til utmattingstilstanden blir utelukka.

Diagnosen CFS/ME er såleis ein utelukkings- (eksklusjons-)diagnose, og det er ingen eintydig årsak til eller sikker patologi knytt til lidelsen. Det foregår mykje forskning rundt CFS, både når det gjeld årsaker, fysiologisk patologi og effekt av behandling. Viktige sammenhenger synest å vere ubalanse og dysregulering av immunsystem, hormonsystem og stress-system, med tendens til overaktivering og sensitivisering av nerveceller og organsystem.

Stress og alt som aukar aktivering i nervesystemet vil kunne auke plagene. Søvn er svært ofte forstyrra, noko som forverrar overaktivering og stress og som skaper ein vond sirkel av meir plager, meir stress, dårleg søvn, meir utmatting, meir stress osv…

Det finst ingen behandling som er vist effektiv for alle pasientar med CFS/ ME, men både internasjonal forskning , vår eigen forskning og kliniske erfaring viser at behandling med vekt på større sjukdomsforståing og symptommestring er nyttig, kan redusere plagene og auke funksjonsnivået.

Vi har utvikla eit konsentert 4-dagars behandlingsprogram ved Klinikk for stressmedisin, basert på eigen forskning som viser god effekt av eit samansett behandlingsprogram (Comprehensive Cognitive Behavioural Treatment -Stubhaug 2008).

Dette behandlingsprogrammet har vi gjennomført for 45 grupper i løpet av 2009-13, med gode resultat som vi har publisert i desember 2018. 

Vi har seinare gjennomført programmet for ca 100 grupper totalt, inntil avslutning av studien des-17, og vi vil analysere og seinare publisere resultat frå dette datamaterialet.

Gruppebehandling i grupper på 12-14, med konsentrert 4 dagars behandlingsprogram. Våre behandlingsprogram er utarbeidd spesielt for stressmedisinske helseplager og mestringssvikt, med særleg spisskompetanse for kronisk utmattingssyndrom CFS/ ME.