Faglig tilbud

Klinikk for stressmedisin har poliklinikk i Sveio, på Fitjar og i Haugesund, der vi frå februar gjennomfører våre 4-dagars konsentrerte behandlingsprogram.

Klinikken er del av Helse Vest si spesialisthelseteneste, og tar imot pasientar tilvist frå lege eller spesialistavdeling. Pasientar betaler vanleg eigendel, og får dekka reise- og opphaldsutgifter etter vanlege satsar.

Klinisk tilbud

Pasientar som blir tilvist av lege får tilbud om konsultasjon for utgreiing og diagnostikk. Behandling kan vere individuell eller i gruppe, der både samtaleterapi, mestringsprogram og medisinsk behandling kan vere aktuelt.

Gruppebehandling i grupper med ca 15 personar, med konsentrert behandlingsprogram over 4 dagar.

Våre behandlingsprogram er utarbeidd spesielt for stressmedisinske helseplager og mestringssvikt, med særleg spisskompetanse for kronisk utmattingssyndrom CFS/ ME.

 

Merk! På grunn av situasjonen Covid-19 tilbyr vi  konsultasjonar via video.
Kontakt for videokonsultasjon: https://klinikkforstressmedisin.confrere.com 

Vi gjennomfører våre 4-dagars behandlingsprogram i gruppe på max 10.
Vi vil også tilby program via video/ Zoom.

Konsentrert 4-dagars behandlingsprogram

Gruppebasert, 10-16 deltakarar, 4 dagar

Gruppebehandling i grupper på 10-16, med konsentrert 4 dagars behandlingsprogram. Våre behandlingsprogram er utarbeidd spesielt for stressmedisinske helseplager og mestringssvikt, med særleg spisskompetanse for kronisk utmattingssyndrom CFS/ ME.

Programmet inneheld:
– undervisning om stressmedisin, spes om stress- og immunsystem
– stress og aktivering, sensitivisering
– Stressmestring, oppmerksomhetstrening, mindfulness-øvelser
– Kognitiv mestringsterapi. Aksept og forandring
– Skriveøvingar
– Lett fysisk aktivitet (turgåing) med hyppige pausar og integrerte mindfulness-øvingar

Klinisk arbeid er integrert med forskningsstudier for å auke kunnskapen om CFS/ME og stressrelaterte helseplager, og studere sjukdomsforløp og effekt av systematisk behandling.

Vi har hatt ein studie frå 2009-2017 som er avslutta med datainnsamling, der vi dels har gjennomført data-analyse og har publisert resultat, og vil vidareføre analyse på datamaterialet frå studien med ulike problemstillingar, og tar sikte på å publisere fleire artiklar frå dette materialet.

Vi har p.t. ingen pågåande studie eller datainnsamling, men planlegg ny studie med oppstart i 2021.

Meir om CFS/ME, behandling, forskning, litteratur og kart her.

Konsentrert 4-dagars behandlingsprogram

Gruppebasert, 10-16 deltakare, 4 dagar

Gruppebehandling i grupper, med konsentrert 4 dagars behandlingsprogram. Våre behandlingsprogram er utarbeidd spesielt for stressmedisinske helseplager og mestringssvikt, med særleg spisskompetanse for kronisk utmattingssyndrom CFS/ ME.

Undervisning innebærer:
– stressmedisin, stress- og immunsystem
– stress og aktivering, sensitivisering
– Stressmestring, oppmerksomhetstrening, mindfulness-øvelser
– Kognitiv mestringsterapi. Aksept og forandring
– Skriveøvelser
– Lett fysisk aktivitet (turgåing) med integrert oppmerksomhetstrening

Klinisk arbeid har vært integrert med forskningsstudier for å auke kunnskapen om CFS/ME og studere effekt av systematisk behandling.

Vi har p.t. ingen pågåande studie eller datainnsamling.

Meir om CFS/ME, behandling, forskning, litteratur og kart her.